Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av boreplattformen på Johan Sverdrupfeltet

Vi har gitt Equinor samtykke til bruk av boreinnretninga på Johan Sverdrupfeltet i Nordsjøen.


Boreinnretninga (DP) er den andre av fire innretningar som skal installerast på Johan Sverdrupfeltet i den første fasen av feltutbygginga (fase 1).
 
Samtykket gjeld bruk av DP for komplettering av forbora produksjonsbrønnar og boring av toppholseksjonar på feltet.

Dei ulike innretningane og anlegga for fase 1 vil klargjerast og ferdigstillast for bruk i perioden frå andre kvartal 2018 fram til til produksjonsstart.

Produksjonsstart frå Johan Sverdrup er planlagd i fjerde kvartal i 2019. 

 

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77