Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Bideford Dolphin på Vigdis

Statoil har fått samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Bideford Dolphin til produksjonsboring på Vigdis.


Vigdis er eit oljefelt som ligg i blokk 34/7 på Tampen. Feltet, ligg på 280 meter djup, er bygt ut med havbotninnretningar. Brønnstraumen blir transportert i røyrleidning til Snorre A for prosessering. 

Produksjonen på Vigdis starta i 1997 med Saga Petroleum som operatør. Statoil overtok operatøransvaret i januar 2003. 

 

Statoil skal tilbakeplugge produksjonsbrønnen B-1 AH på Vigdisfeltet. Med ei sidestegsboring frå denne brønnen skal det borast ein ny brønn, B-1 BH.

Aktivitetane skal gjerast med Bideford Dolphin, som er operert av Dolphin Drilling AS. Bideford Dolhpin er ei flyttbar boreinnretning av typen Aker H-3, bygd ved Aker Verdal i 1975 og modifisert i 1998. Innretninga har klasse i DNV GL og er registrert i Singapore.

Bideford Dolphin fekk samsvarsfråsegn frå Ptil i september 2004. 

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77