Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Bideford Dolphin for boring i Nordsjøen

Statoil har fått samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Bideford Dolphin for boring av eit sidesteg på Vigdisfeltet i utvinningsløyve 089.


Planlagd oppstart er primo februar og aktiviteten er rekna å vare i 8 dagar.

Vigdis er eit oljefelt som ligg i den nordlege delen av Nordsjøen, mellom felta Snorre, Statfjord og Gullfaks i Tampenområdet. Vassdjupna i området er 280 meter. Feltet omfattar fleire funn og er bygd ut med sju havbotnrammer og to satellittbrønnar som er knytt til Snorre A.

Dei geografiske koordinatane er:

  • 61° 22' 44,12" N
  • 02° 06' 21,35" A

Bideford Dolphin er ei halvt nedsenkbar Aker H-3 boreinnretning bygd i 1975 og vert operert av Dolphin AS.

Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) i september 2004.

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064