Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Aasta Hansteen

Vi har gitt Statoil samtykke til bruk av Aasta Hansteen spar FPSO, undervassystem og feltinterne røyrleidningar på Aasta Hansteenfeltet i Norskehavet.


Ptil har gitt Statoil samtykke til å ta i bruk Aasta Hansteen-innretninga (Spar FPSO), undervassystem og feltinterne røyrleidningar.

Aasta Hansteen ligg i den nordlege delen av Norskehavet, 120 kilometer nordvest for Norne og om lag 300 kilometer utanfor kysten av Nordland. Havdjupet i området er 1270 meter.

Feltet er for tida under utbygging.

Aasta Hansteen vart påvist i 1997 og plan for utbygging og drift (PUD) vart godkjend i 2013. Utbyggingsløysinga er ei Spar-plattform (ei flytande innretning med eit vertikalt sylindrisk skrog forankra til havbotnen) og havbotnrammer, som er kopla til plattforma med røyrleidningar og stive stigerøyr av stål.

Gassen frå Aasta Hansteen skal transporterast i Polarled-røyrleidninga til Nyhamna-terminalen i Møre og Romsdal. Lettolje (kondensat) skal lastast på tankskip og fraktast til marknaden.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77