Gå til hovedinnhold

Samtykke til boreoperasjonar med Transocean Winner

Det norske oljeselskap ASA har fått samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Transocean Winner til produksjonsboring og komplettering på Volundfeltet.



Transocean Winner

Transocean Winner er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen GVA 4000, bygd ved Gøtaverken Arendal i Gøteborg i 1983 og betydeleg oppgradert i 2006. Innretninga er eigd og operert av Transocean Ltd, er registrert på Marshalløyane og har klasse i DNV GL.

Transocean Winner fekk samsvarsfråsegn frå Ptil i august 2006.

Volundfeltet er eit oljefelt som ligg i den midtre delen av Nordsjøen om lag 10 kilometer sør for Alvheimfeltet. Havdjupet i området er 120-130 meter. Feltet er bygt ut med eit havbotnanlegg som er knytt til produksjonsskipet Alvheim FPSO, med tre horisontale brønnar.

Petroleumstilsynet har no gitt Det norske oljeselskap ASA samtykke til boreoperasjonar i samsvar med Det norske oljeselskap ASA sin søknad.

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064