Gå til hovedinnhold

Samtykke til boreoperasjonar med Stena Don

Ptil har gitt Statoil samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Stena Don til boring, komplettering, intervensjonsarbeid, tilbakeplugging på Trollfeltet.



Foto: Stena Drilling

Stena Don vert operert av Stena Drilling, og er ei Sonat-/Hitachidesignet, halvt nedsenkbar boreinnretning, bygd i 2001. Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) mars 2002.

Ptil har no gitt Statoil samtykke til boreoperasjonar i samsvar med Statoil sin søknad.