Gå til hovedinnhold

Samtykke til boreoperasjonar med COSLPromoter

Statoil Petroleum AS har fått samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga COSLPromoter til boring, komplettering, intervensjonsarbeid, brønnoverhaling og tilbakeplugging på Trollfeltet.


Foto: COSL

COSLPromoter er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen GM4000. Innretninga er bygd hjå Yantai Raffles Shipyard (YRS) i Kina.

Innretninga fekk samsvarsuttelse (SUT) frå Ptil i 2012.

Petroleumstilsynet har no gitt Statoil samtykke til boreoperasjonar i samsvar med Statoil sin søknad.

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12