Gå til hovedinnhold

Samtykke til boreoperasjonar med COSLInnovator

Statoil Petroleum AS har fått samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga COSLInnovator til boring, komplettering, intervensjonsarbeid, brønnoverhaling og tilbakeplugging på Trollfeltet.


Foto: COSL

COSLInnovator er ei halvt nedsenkbar boreinnretning bygd hjå Yantai Raffles Shipyard i Kina. Innretninga fekk samsvarsuttelse (SUT) frå Ptil i 2012, og har vore på kontrakt for Statoil på Trollfeltet sidan dette.

Petroleumstilsynet har no gitt Statoil samtykke til boreoperasjonar i samsvar med Statoil sin søknad.

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12