Gå til hovedinnhold

Samtykke til bemanna undervassoperasjonar på Goliat

Eni Norge AS har fått samtykke til bemanna undervassoperasjonar i samband med installasjon av Goliatinnretninga.


Eni Norge AS (Eni) er operatør på Goliatfeltet, som er eit olje- og gassfelt på Tromsøflaket 85 km nordvest for Hammerfest. Feltet vert bygt ut med ei flytande integrert innretning (FPSO) av typen Sevan 1000, samt undervassbrønnrammar. 

Eni har søkt om samtykke til å gjennomføre bemanna undervassoperasjonar i samband med installasjon av innretninga på feltet. Operasjonane vil òg omfatte installasjon av stigerøyr.

Havdjupna på staden er 370 meter. Innretninga har ein djupgang på 19 meter, og undervassaktivitetane skal ikkje gå føre seg djupare enn 30 meter under havflata.

Dykkeoperasjonane skal gjennomførast av Technip Norge AS, som vil bruke lettfartøyet Technip Seahunter til desse operasjonane. Operasjonane vil starte i løpet av andre kvartal 2015 og er planlagde å vare i til saman 26 dagar.

Ptil har nå gitt samtykke til bemanna undervassoperasjoner slik Eni har søkt om.

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064