Gå til hovedinnhold

Samtykke til bemanna undervassoperasjonar på Goliat

Eni Norge AS har fått samtykke til å gjennomføre bemanna undervassoperasjonar på Goliatfeltet.


Goliat er eit oljefelt i Barentshavet, om lag 50 kilometer søraust for Snøhvit. Feltet bygd ut med ein flytande produksjonsinnretning (FPSO).

Eni Norge AS har fått samtykke frå Petroleumstilsynet til å gjennomføre bemanna undervassoperasjonar i samband med reparasjonar og utbetringar på Goliat. 

Planlagt oppstart er i mai 2018. Aktivitetane vil vara i omkring 80 dagar.

Undervassoperasjonane vil gjennomførast av Eni sin kontraktør Deep Ocean AS og deira underleverandør SubseaPartner AS.

Dykkinga skal skje frå overflata og ned til maksimalt 30 meters djup.

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12