Gå til hovedinnhold

Samtykke til bemanna undervassoperasjonar på Goliat

Eni Norge AS har fått samtykke til å gjennomføre bemanna undervassoperasjonar på Goliatfeltet.


Goliat er eit oljefelt i Barentshavet, om lag 50 kilometer søraust for Snøhvit. Feltet bygd ut med ein flytande produksjonsinnretning (FPSO).

Eni Norge AS har fått samtykke frå Petroleumstilsynet til å gjennomføre bemanna undervassoperasjonar i samband med reparasjonar og utbetringar på Goliat.  

Planlagt oppstart er i juni 2017. Aktivitetane vil vara i minimum 21 dagar.

Undervassoperasjonane vil gjennomførast av Eni sin kontraktør Deep Ocean AS og deira underleverandør SubseaPartner AS.

Dykkinga skal skje frå overflata og ned til maksimalt 25 meters djup.