Gå til hovedinnhold

Samtykke til å utføre undervassoperasjonar med mannskap

Marathon Oil Norge AS har fått samtykke til å utføre undervassoperasjonar med mannskap på Alvheim, Volund, Vilje og Bøyla- felta.


Planlagd oppstart av operasjonen er 1.juli 2014.

Vassdjupna på staden er cirka 120 meter.

Alvheim
Alvheim er eit olje- og gassfelt som ligg i den midtre delen av Nordsjøen, vest for Heimdal og ved grensa til britisk sokkel. Feltet er bygd ut med eit produksjonsskip, Alvheim FPSO, og havbotnbrønnar, og blei satt i produksjon i 2008. Olja blir eksportert med tankskip, medan prosessert rikgass blir eksportert via røyrleidning til SAGE-systemet på britisk sokkel.

Volund
Volundfeltet ligg om lag åtte kilometer sør for Alvheim. Dette er eit oljefelt som er bygd ut med tre havbotnbrønnar knytt til produksjonsskipet Alvheim FPSO. Volund vart satt i produksjon i 2009.

Vilje
Vilje er eit oljefelt i den midtre delen av Nordsjøen like nord for Heimdalfeltet. Feltet er bygd ut med to havbotnbrønnar knytt opp mot produksjonsskipet Alvheim FPSO.

Bøyla
Oljefunnet Bøyla ligg om lag 28 kilometer sør for Alvheimfeltet med ei havbotninnretning knytt til Alvheim FPSO.

Petroleumstilsynet har no gitt samtykke til å utføre undervassoperasjonar med mannskap i samsvar med Marathon Oil Norge AS sin søknad.
 

Journal 2014/365

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064