Gå til hovedinnhold

Samtykke til å ta i bruk Valemon rikgassrøyrleidning

Ptil har gitt Gassco AS samtykke til å ta i bruk Valemon rikgassrøyrleidning mellom felta Valemon og Heimdal i Nordsjøen.


Samtykket gjeld bruk av rikgassrøyrleidninga mellom Valemonfeltet og stigerøyrsinnretninga på Heimdalfeltet.

Valemon rikgassrøyrleidning har ei total lengde på 177 kilometer og består av Valemon gassrøyrleidning og Huldra rikgassrøyr, som går frå tilknytingspunktet for Valemon gassrøyrleidning til stigerøyrsinnretninga på Heimdalfeltet.

Det er Gassco AS som er operatør for Valemon rikgassrøyrleidning.

Valemonfeltet ligg om lag 10 kilometer vest for Kvitebjørnfeltet i nordlig del av Nordsjøen. Feltet er under utbygging og planlagt produksjonsstart er i slutten av 2014. Valemon er operert av Statoil.

Valemonfeltet blir bygt ut med ei fast produksjonsinnretning med stålunderstell. Innretninga skal knyttast til Kvitebjørn med ei kondensatrøyrleidning og til Heimdal med ei rikgassrøyrleidning. 

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77