Gå til hovedinnhold

Samtykke til å ta i bruk ny lastebøye til Heidrun oljeeksportløsning

Ptil har gitt Statoil Petroleum AS (Statoil) samtykke til å ta i bruk ny lastebøye på Heidrunfeltet.


Statoil, som er operatør for Heidrun, held på å bygga ei ny løysing for oljeeksport frå Heidrunfeltet. Prosjektet omfattar ein ny lastebøye og stigerøyr på ein av dei eksisterende bøyelokasjonene og eit nytt permanent forankra lagerskip (FSU) kopla til det nye systemet. Dette fartøyet vil fungera som kombinert lagerskip og losseeining for stabilisert råolje til shuttletankarar.

I medhald av forskrift om styring og opplysningsplikt i petroleumsvirksomheten og på enkelte landanlegg (styringsforskriften) § 25, tredje ledd bokstav a, har Ptil no gitt Statoil samtykke til bruk av lastebøye til Heidrun oljeeksport på Heidrunfeltet.

Heidrunfeltet ligg på Haltenbanken i Norskehavet i blokk 6507/7 og 6507/8. Feltet er bygt ut med ei flytande strekkstag-innretning i betong over ei havbotnramme med 56 brønnslissar. Den nordlege delen av feltet blir produsert via havbotninnretningar.

Havdjupet i området er om lag 350 meter.

Produksjonsstart på feltet var i 1995. Gassen frå Heidrun går i ein eigen rørleidning til Tjeldbergodden og i Åsgard Transport til gassbehandlingsanlegget på Kårstø. Eksport av stabilisert råolje skjer i dag gjennom to lastebøyer til shuttletankarar, og derfrå til Mongstad i Hordaland og Tetney i Storbritannia.