Gå til hovedinnhold

Samtykke til å etablere områdeberedskap

Statoil, Exxonmobil og Gassco har fått samtykke til å etablere og delta i områdeberedskap for Sleipner Utsira.


Områdeberedskap inneber samarbeid om beredskap mellom fleire innretningar og felt, der føremålet er å dele på maritime og luftborne beredskapsressurser. Desse ressursane kan omfatte eitt eller fleire beredskapsfartøy og redningshelikopter.

Statoil viser til god røynsle frå områdeberedskap som er etablert fleire stader på norsk sokkel, og har søkt om samtykke til å etablere områdeberedskap også for Sleipner Utsira-området.

Sleipner Utsira-området ligg i Nordsjøen vest for Stavanger.

I tillegg til Statoil er ExxonMobil og Gassco også operatørar for felt og røyrleidningar i området, og har søkt om samtykke til å delta i områdeberedskapen. Dette inneber at beredskapsfartøy på einskilde felt vil bli fjerna.

Ptil har no gitt selskapa samtykke til å etablere og delta i områdeberedskapen slik det er søkt om.

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12