Gå til hovedinnhold

Samtykke til å bore undersøkingsbrønnar på Johan Sverdrup

Statoil har fått samtykke til å bore fire undersøkingsbrønnar på Johan Sverdrup.


Statoil er operatør for Johan Sverdrupfeltet, som ligg i Nordsjøen om lag 155 kilometer vest for Karmøy i Rogaland.

Feltet vert bygt ut med fire botnfaste innretningar som er knytte saman med bruer. Produksjonen frå feltet er venta å starte i slutten av 2019.

Ptil har gitt Statoil samtykke til å bore fire undersøkingsbrønnar for å skaffe informasjon om reservoartilhøva på feltet. Samtykket er gitt i form av to vedtak; eitt for ein av brønnane og eitt for dei tre andre.

Boringa er planlagd starta 1.11.2016 og vil vare i om lag fire månader. Havdjupna i området er 110 - 120 meter.

Brønnane skal borast med Deepsea Atlantic, som er ei halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning av typen MODU GVA 7500, levert frå Daewoo i Sør-Korea i 2009. Innretninga vert operert av Odfjell Drilling AS. Ho er registrert i Singapore og har klasse i DNV GL. Deepsea Atlantic fekk samsvarsfråsegn frå Ptil i juli 2009.

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12