Gå til hovedinnhold

Samtykke til å ta i bruk Oseberg H

Vi har gitt Statoil samtykke til å ta i bruk innretninga Oseberg H på Osebergfeltet.


Vi har gitt Statoil samtykke til å ta i bruk Oseberg H-innretninga, som er ein del av Oseberg Vestflanken 2-utbygginga på Osebergfeltet.

Vi har tidligare gitt Statoil samtykke til bruk av den oppjekkbare innretninga Askepott til boring av produksjonsbrønnar på Vestflanken 2.

Samtykket til å bruka Oseberg H, er begrensa til perioden då Askepott er kopla til innretninga.

Oseberg H og Vestflanken 2
Statoil er operatør for Osebergfeltet, som ligg i den nordlege delen av Nordsjøen. Feltet er bygt ut i fleire fasar, og produksjonen starta i 1988.

I 2016 fekk Statoil godkjent plan for utbygging og drift (PUD) av Vestflanken 2. Denne utbygginga skal bidra til forlenga levetid for Oseberg.

Oseberg Vestflanken 2 er bygt ut med ei botnfast brønnhovudinnretning; Oseberg H. Dette er ei enklare innretning utan prosessutstyr, bustadkvarter, boreanlegg eller helikopterdekk.

Oseberg H skal fjernopererast og overvakast frå kontrollrommet på Oseberg feltsenter.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77