Gå til hovedinnhold

Samtykke gis til bruk av Island Frontier og Island Wellserver på Gjøa

Vi har gitt operatørselskapet Neptune Energy (Neptune) samtykke til bruk av brønnintervensjonsinnretningane Island Frontier og Island Wellserver på Gjøa.


Gjøa-feltet er eit olje- og gassfelt i den nordlege delen av Nordsjøen. Feltet tilhøyrer utvinningsløyve 153, og strekk seg over blokkene 35/9 og 36/7.

Gjøa vart påvist i 1989, og plan for utbygging og drift (PUD) vart godkjend i 2007. Statoil var operatør for utbygginga av feltet, medan Gas de France (no Neptune Energy) overtok som operatør for feltet i 2010.

Samtykket omfattar brønnvedlikehald. Operasjonane er estimerte å vara frå 1. juli 2018 til 31. desember 2019.  

Island Frontier vart bygd i 2004 ved Søviknes verft. Ho er registrert i Norge og har klasse i DNV-GL.
Island Frontier fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i oktober 2006.

Island Wellserver vart bygd i 2008 ved Aker Langsten verft. Ho er registrert i Norge og har klasse i DNV-GL.
Island Wellserver fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i april 2009.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77