Gå til hovedinnhold

Repsol får samtykke til leiteboring

Repsol har fått samtykke til å bore leitebrønn 6705/7-1 i Norskehavet.


Repsol Norge AS (Repsol) er operatør for utvinningsløyve 705 i Norskehavet.

Ptil har gitt Repsol samtykke til å bore leitebrønn 6705/7-1 i eit prospekt kalla Stordal. 

Brønnen vil ha dei geografiske koordinatane

  • 67o 15' 05,14" N
  • 05o 10' 29,12" A

Borestaden ligg i djupvassdelen av Norskehavet om lag 395 kilometer vest for Bodø. Havdjupna på staden er 1410 meter.

Boringa er planlagd å starte tidleg i mars og er planlagd å vare 33 dagar, 48 dagar om det blir gjort funn.

Brønnen skal borast med Transocean Spitsbergen, som er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen Aker H-6e, eigd og driven av Transocean Offshore Ltd. Innretninga blei bygd i 2009 ved Aker Stord, er registrert på Marshall Islands og har klasse i DNV GL. Transocean Spitsbergen fekk ny samsvarsfråsegn frå Ptil i november 2012 etter eigarskifte.

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12