Gå til hovedinnhold

Repsol Exploration Norge AS får samtykke til leiteboring i Norskehavet

Repsol Exploration Norge AS (RENAS) er operatør for utvinningsløyve 642 i blokk 6306/5 i den sørlege delen av Norskehavet. Leitebrønn 6306/5-2 skal borast i eit prospekt kalla Hagar.


Borestaden ligg 80 km sørvest for Draugenfeltet, og 65 km vest for Smøla. Vassdjupna på staden er 226 meter.

Koordinatene til brønnen vil vera:

  • 64° 43'52,3" N
  • 06° 34' 27,4" A

Boringa vil starte i mai 2015 og er rekna å vare i 64 dagar, avhengig av funn.

Boringa skal gjennomførast med Bredford Dolphin, som er ei flyttbar boreinnretning av typen Aker H-3. Ho vart bygd i 1977, og betydeleg oppgradert i 2006/2007. Innretninga er registrert i Singapore og har klasse i DNV GL.

Bredford Dolphin fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juni 2007.

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064