Gå til hovedinnhold

Premier Oil Norge AS får samtykke til leiteboring

Premier Oil Norge AS (PONAS) har fått samtykke til å bore leitebrønn 3/7-10 S i den sørlege delen av Nordsjøen.


PONAS er operatør for utvinningsløyve 539 i blokk 3/7 i Nordsjøen. Formasjonen brønnen skal borast i har nemninga Myrhauk og ligg om lag 240 kilometer frå næraste fastland som er Lista.

Boringa er planlagd starta i august 2015 og er rekna å vare i 62 dagar, avhengig av funn.

Brønnen skal borast med Mærsk Guardian som er ei oppjekkbar flyttbar boreinnretning (jack-up). Innretninga er eigd og vert operert av A.P. Møller-Mærsk Gruppen. Den er bygd i Japan hos Hitachi og stod ferdig i 1986.

Mærsk Guardian fekk samsvarsfråsegn 1. november 2002.

For pressehenvendelser, send e-post eller ring vårt sentralbord
E-post: presse@ptil.no | 51 87 32 00