Gå til hovedinnhold

OMV Norge as får samtykke til leiteboring i Norskehavet

OMV Norge as (OMV) er operatør for utvinningsløyve 644 i Norskehavet. Vi har gitt selskapet samtykke til å bore leiterbønn 6506/11-10 i eit prospekt kalla Hades & Iris.


Boringa er planlagt å starte tidlegast 1. desember 2017 og har ei varigheit på om lag 142 dagar, avhengig av funn.

Brønnen vil ha dei geografiske koordinatane:

  • 65°13' 50.53" N
  • 6° 25' 47.23" A

Havdjupna på staden er på rundt 342 meter.

Brønnen skal boras med den flyttbare boreinnretninga Deepsea Bergen.

Deepsea Bergen er ei halvt nedsenkbar, flyttbar boreinnretning av typen Aker H-3.2, bygd ved Aker Verdal i 1983. Ho er eigd og operert av Odfjell Drilling. Innretninga har klasse i DNV GL og er registrert i Noreg.

Deepsea Bergen fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i desember 2001.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77