Gå til hovedinnhold

OMV får samtykke til leiteboring i Barentshavet

OMV (Norge) AS har fått samtykke til boring av ein leitebrønn i blokk 7324/8 i Barentshavet.


Brønnen som skal borast, leitebrønn 7324/8-3, ligg i eit prospekt kalla «Wisting Central III». Borelokasjonen ligg i Barentshavet, om lag 315 kilometer nord for Hammerfest.

Borelokasjonen vil ha dei geografiske koordinatane

  • 73° 26' 04.00" Nord
  • 24° 23' 21.67" Aust

Hvadjupna på staden er 394,5 meter.

Boringa er rekna å vare i 31 dagar, og har tidlegast oppstart i midten av august 2017.

Brønnen skal borast med den halvt nedsenkbare, flyttbare boreinnretninga Island Innovator. Innretninga er av typen Global Maritime GM4000 og vart levert frå verftet COSCO i Kina i 2012. Ho er eigd av Island Drilling Company, operert av Odfjell Drilling, fører norsk flagg og er klassa i DNV.

Island Innovator fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i august 2013.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77