Gå til hovedinnhold

OMV får samtykke til leiteboring

OMV har fått samtykke til å bore to leitebrønnar 7324/7-3 S og 7324/8-3 i Barentshavet.


OMV er operatør for utvinningsløyve 537. Feltet ligg om lag 166 nautiske mil nord for Hammerfest og 250 nautiske mil nordaust for Tromsø.

Koordinatorane til brønnane vil vera:

  • 73° 26' 30,7" N
  • 24° 15' 39,8" A

Boringa skal gjennomførast med Transocean Spitsbergen, som er ei halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning av typen Aker H-6e. Innretninga vart ferdigstilt ved Aker Solutions sitt verft på Stord i 2009, er registrert på Marshalløyene og har klasse i DNV GL.

Ptil har no gitt OMV samtykke til leiteboringa.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77