Gå til hovedinnhold

Ny undervassbrønn på Balder

ExxonMobil har fått samtykke til å ta i bruk ein ny undervassbrønn på Balderfeltet.


ExxonMobil er operatør på Balderfeltet, som ligg i blokk 25/11 i Nordsjøen, om lag 190 km vest for Stavanger.

Balderfeltet høyrer til utvinningsløyve PL 001. Det første oljefunnet på norsk sokkel vart gjort på dette feltet så tidleg som i 1967. Funnet blei den gongen ikkje vurdert som kommersielt drivverdig. Etter om lag 30 år vart det gjort nye undersøkinger som førte til at feltet ble bygt ut og produksjon starta i 1999.

Balderfeltet er bygt ut med undervassbrønnar og ei flytande produksjonsinnretning (FPU). Opphaveleg var produksjonen rekna å vare til 2011. Mellom anna som følge av at Ringhornefeltet vart knytt til Balder FPU i 2006, fekk ExxonMobil i 2011 samtykke til å forlenge levetida for innretninga til august 2019.

Ptil ga i 2013 samtykke til å ta i bruk seks nye undervassbrønnar på feltet. ExxonMobil har no fått samtykke til å ta i bruk endå ein undervassbrønn, som har nemninga E-29-AH. Brønnen ligg om lag 3500 meter frå Balder FPU.

For pressehenvendelser, send e-post eller ring vårt sentralbord
E-post: presse@ptil.no | 51 87 32 00