Gå til hovedinnhold

MOL Norge har fått samtykke til leiteboring i Nordsjøen

Vi har gitt MOL Norge samtykke til leiteboring av brønn 2/6-6 S i Nordsjøen.


MOL Norge er operatør for utvinningsløyve 860. Vi har no gitt selskapet samtykke til å bore leitebrønn 2/6-6 S, kor målet er undersøka eit prospekt dei har kalla «Oppdal/Driva».

Brønnen skal borast i den sørlege delen av norsk del av Nordsjøen, 45 kilometer aust for felta Valhall og Ekofisk og 20 kilometer nord for grensa til Danmark.

Lokasjonen har følgjande geografiske koordinatar:

  • 56° 30 ’40.73 Nord
  • 3 °54’ 49.22 Aust

Havdjupna på staden er 70 meter.

Boringa er planlagd starta i september 2018, og er venta å vara mellom 66 og 71 dagar.

Brønnen skal borast med Rowan Viking, som er ei oppjekkbar, flyttbar boreinnretning bygd i Singapore i 2010. Rowan Viking vert operert av Rowan Norway Ltd. Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i august 2014.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77