Gå til hovedinnhold

Maersk får samtykke til leiteboring i blokk 6406/6

Maersk har fått samtykke til å bore leitebrønn 6406/6-4 i prospektet Tvillingen Sør.


Maersk Oil Norway AS (Maersk) er operatør for utvinningsløyve 510 i blokkene 6406/5 og 6406/6 på Haltenbanken i Norskehavet. 

Leitebrønn 6404/6-4 skal borast i eit prospekt kalla Tvillingen Sør. Området ligg om lag 180 kilometer NNV for Kristiansund. Vassdjupna på staden er 260 meter. Brønnen vil ha dei geografiske koordinatane:

  • 64o 38' 29,79" N
  • 0646' 14,08" A

Ptil har no gitt Maersk samtykke til leiteboringa, som vil starte i desember 2014 og er rekna å vare i 120 dagar. Brønnen skal borast med den flyttbare boreinnretninga Leiv Eiriksson.

Leiv Eiriksson er ei halvt nedsenkbar, flyttbar boreinnretning av typen Trosvik Bingo 9000 og vart levert frå verft i 2001. Ho er eigd og operert av Ocean Rig. Innretninga er registrert på Bahamas og har klasse i DNV GL.

Leiv Eiriksson fekk samsvarsfråsegn frå Ptil i juli 2008.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77