Gå til hovedinnhold

Lundin Norway as får samtykke til leiteboring i Nordsjøen

Vi har gitt Lundin Norway as (Lundin) samtykke til boring av ein leitebrønn i blokk 16/1 i Nordsjøen.


Leitebrønn 16/1-28 S høyrer til utvinningsløyve 338 i Nordsjøen og har dei geografiske koordinatane:

  • 58° 48' 51.485" N
  • 02° 16' 14.203" A

Boringa er planlagd å starte i mars 2018 og vil vare i om lag 110 dagar.

Brønnen skal borast med COSLInnovator, som er ei halvt nedsenkbar boreinnretning bygd hjå Yantai Raffles Shipyard i Kina.

Vi gav samsvarsfråsegn (SUT) til COSLInnovator i mars 2012.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77