Gå til hovedinnhold

Lundin Norway AS får samtykke til leiteboring

Lundin Norway AS (Lundin) har fått samtykke til boring av leitebrønn 16/1-25S i Nordsjøen.


Lundin er operatør for utvinningsløyve 338C i blokk 16/1 i den midtre delen av Nordsjøen. Leitebrønn 16/1-25S skal borast i eit prospekt kalla Rolvsnes.

Koordinatene til brønnen vil vera:

  • 58° 46' 52,3" N
  • 02° 15' 17,5" A

Boringa vil starte tidlegast i midten av september 2015 og er rekna å vare i 45 dagar, avhengig av funn.

Brønnen skal borast med Bredford Dolphin, som er ei flyttbar boreinnretning av typen Aker H-3. Ho vart bygd i 1977, og betydeleg oppgradert i 2006/2007. Innretninga er registrert i Singapore og har klasse i DNV GL.

Bredford Dolphin fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juni 2007.

Ptil har no gitt Lundin samtykke til leiteboringa.

For pressehenvendelser, send e-post eller ring vårt sentralbord
E-post: presse@ptil.no | 51 87 32 00