Gå til hovedinnhold

Lundin Norway AS får samtykke til leiteboring

Lundin Norway AS (Lundin) har fått samtykke til boring av leitebrønn 7220/6-2 i Barentshavet.


Lundin er operatør for utvinningsløyve 609 i blokk 7220/6 i Barentshavet. Leitebrønn 7220/6-2 skal borast i eit prospekt kalla Neiden.

Koordinatene til brønnen vil vera:

  • 72° 34' 13,13" N
  • 20° 58' 19,97" A

Boringa vil starte tidlegast i midten av august 2015 og er rekna å vare i 40 dagar.

Brønnen skal borast med den flyttbare boreinnretninga Island Innovator. Ho er ei halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning av typen GM4000-WI, bygd i 2012 ved Cosco Zhoushan Shipyard i Kina. Innretninga er operert av Odfjell Drilling. Ho er registrert i Norge har klasse i DNV GL. Island Innovator fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i august 2013.

Ptil har no gitt Lundin samtykke til leiteboringa.

 

For pressehenvendelser, send e-post eller ring vårt sentralbord
E-post: presse@ptil.no | 51 87 32 00