Gå til hovedinnhold

Lundin Norway AS får samtykke til leiteboring

Lundin Norway AS (Lundin) har fått samtykke til boring av leitebrønn 7220/11-3.


Lundin er operatør for utvinningsløyve 609 i blokk 7220/11 i Barentshavet. Lundin har søkt om samtykke til å bore leitebrønn 7220/11-3.

Brønnen vil ha dei geografiske koordinatane:

  • 72º 01' 12,6" N
  • 20º 31' 41,3" A

Boringa er planlagd starta i juni 2015 og er rekna å vare i 56 dagar, avhengig av funn. Vassdjupna på staden er 397 meter.

Brønnen skal borast med den flyttbare boreinnretninga Island Innovator. Ho er ei halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning av typen GM4000-WI, bygd i 2012 ved Cosco Zhoushan Shipyard i Kina. Innretninga er operert av Odfjell Drilling. Ho er registrert i Norge har klasse i DNV GL. Island Innovator fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i august 2013.

Ptil har no gitt Lundin samtykke til leiteboringa.

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064