Gå til hovedinnhold

Lundin Norway AS får samtykke til leiteboring

Lundin Norway AS (Lundin) har fått samtykke til leiteboring av brønn 7220/11-2.


Lundin er operatør for utvinningsløyve 609 i blokk 7220/11 i Barentshavet. Lundin skal bore brønn 7220/11-2 for å undersøke potensialet i funnet.

Forventa oppstart er mars 2015, med ei varigheit på cirka 62 dagar, avhengig av funn.

Brønnen skal borast med den flyttbare boreinnretninga Island Innovator. Ho er ei halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning av typen GM4000-WI, bygd i 2012 ved Cosco Zhoushan Shipyard i Kina. Innretninga er operert av Odfjell Drilling. Ho er registrert i Norge har klasse i DNV GL. Island Innovator fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i august 2013.

Ptil har no gitt Lundin samtykke til leiteboringa.

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064