Gå til hovedinnhold

Lundin har fått samtykke til leiteboring i Nordsjøen

Vi har gitt Lundin samtykke til leiteboring av brønn 16/5-8 S og 16/5-8 A.


Lundin er operatør for utvinningsløyve 815. Vi har no gitt selskapet samtykke til leiteboring av brønnane 16/5-8 S og 16/5-8 A.

Brønnane skal borast i Nordsjøen, i nærleiken av Edvard Griegfeltet.

Borelokasjonen vil ha følgjande geografiske koordinatar:

  • 58° 43' 37.287" Nord
  • 02° 21' 11.770" Aust

Havdjupna på staden er omkring 104 meter.

Operasjonen er planlagd starta mai 2019 med ei varigheit på 43 dagar, som inkluderer opsjonane sidesteg og formasjonstestar.

Brønnane skal borast med Leiv Eiriksson, som er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen SS Trosvik Bingo 9000, eigd og operert av Ocean Rig.

Leiv Eriksson fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juli 2008.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77