Gå til hovedinnhold

Lundin har fått samtykke til leiteboring i Nordsjøen

Vi har gitt Lundin samtykke til leiteboring og testing av brønn 16/1-31 S og 16/1-31 A.


Lundin er operatør for utvinningsløyve 338. Vi har no gitt selskapet samtykke til å leiteboring og brønntesting av brønn 16/1-31 S og 16/1-31 A .

Brønnen ligg i midtre del av Nordsjøen, aust for Edvard Griegfeltet.

Borelokasjonen vil ha følgjande geografiske koordinatar:

  • 58° 51' 47.565" Nord
  • 02° 18' 12.330" Aust

Havdjupna på staden er omkring 111 meter.

Operasjonen er planlagd starta februar 2019 med ei varigheit på 83 dagar, som inkluderer opsjonane sidesteg og formasjonstestar.

Brønnen skal borast med Leiv Eiriksson, som er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen SS Trosvik Bingo 9000, eigd og operert av Ocean Rig.

Leiv Eriksson fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juli 2008.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77