Gå til hovedinnhold

Lundin har fått samtykke til bruk av Rowan Viking på Edvard Griegfeltet

Lundin Norway AS har fått samtykke frå Ptil til bruk av Rowan Viking for å bora produksjonsbrønnar på Edvard Griegfeltet.


Lundin Norway AS er operatør på Edvard Griegfeltet i blokk 16/1 i den midtre delen av Nordsjøen, om lag 45 km sør for felta Grane og Balder og 180 km vest for Stavanger. Havdjupna på staden er om lag 110 meter.

Feltet vil verta bygd ut med ei botnfast brønnhovud-, bustad- og produksjonsinnretning.

Ptil har nå gitt Lundin samtykke til å ta i bruk den flyttbare boreinnretninga Rowan Viking for å bora 15 brønnar for produksjon og vatninjeksjon. Boringa vil vara fram til hausten 2017, med eit opphald sommaren 2015 mens den botnfaste innretninga vert installert.

Rowan Viking er ei oppjekkbar, flyttbar boreinnretning som vart bygd i Singapore i 2010. Den vert operert av Rowan Norway Ltd, som har hovudkontor i Stavanger. Innretninga fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i august 2014.

 

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77