Gå til hovedinnhold

Lundin får samtykke til leiteboring på Edvard Griegfeltet

Lundin har fått samtykke til leiteboring av brønn 16/1-27 i på Edvard Griegfeltet.


Lundin er operatør for Edvard Griegfeltet, som ligg i Nordsjøen om lag 140 kilometer vestsørvest for Stavanger. Feltet er eit av dei største oljefeltane som er funne på norsk sokkel. Produksjonen frå feltet starta i 2015.

Brønnen som skal borast er ein avgrensingsbrønn i ein struktur med nemninga Edvard Grieg SW.

Koordinatane for brønnen vil vere: 

  • 58o 50' 18,11" N
  • 02o 11' 56,83" A

Havdjupna på staden er 138 meter. Boringa er planlagd å starte 1. mars 2017 og vil vare i 44 dagar.

Brønnen skal borast med den flyttbare boreinnretninga Island Innovator. Innretninga er av typen GM4000 og vart levert frå verftet COSCO i Kina i 2012. Ho er eigd av Island Drilling Company og operert av Odfjell Drilling. Island Innovator fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i august 2013.

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12