Gå til hovedinnhold

Lundin får samtykke til leiteboring i Barentshavet

Vi har gitt Lundin Norway as (Lundin) samtykke til boring og testing av brønn 7121/1-2 S i Barentshavet.


Lundin er operatør for utvinningsløyve 767. Vi har no gitt selskapet samtykke til leiteboring og testing av brønn 7121/1-2 S.

Brønnen ligg i Barentshavet, sentralt i Troms I, avstanden til land er cirka 121 kilometer (Bondøya nord for Sørøya) og har følgjande koordinatar:

  • 71° 47' 38.40" Nord
  • 21° 07' 30.53"  Aust

Havdjupna på staden er 315 meter.

Operasjonen er planlagd starta i desember 2018 med ei varigheit på 52 dagar.

Brønnen skal borast med Leiv Eiriksson, som er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen SS Trosvik Bingo 9000, eigd og operert av Ocean Rig.

Leiv Eriksson fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juli 2008.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77