Gå til hovedinnhold

Lundin får samtykke til leiteboring i Barentshavet

Vi har gitt Lundin samtykke til boring av avgrensningsbrønn 7220/11-5 S i utvinningstillatelse 609 i Barentshavet.


Samtykket omfattar boring, komplettering og produksjonstesting av brønn 7220/11-5 S i utvinningstillatelse 609 i Barentshavet.

Dei geografiske koordinatorane er:

  • 72° 01' 21.08" Nord
  • 20° 29' 21.15" Aust

Havdjupet på staden er 386 meter.

Boringa startar etter planen i april, og aktivitetane er estimert å vara i om lag 134 dagar, inkludert produksjonstesting.

Brønnen skal borast med den flyttbare borinnretninga Leiv Eiriksson. Dette er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen SS Trosvik Bingo 9000, eigd og operert av Ocean Rig.

Leiv Eiriksson fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juli 2008.

 

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77