Gå til hovedinnhold

Lundin får samtykke til leiteboring i Barentshavet

Lundin har fått samtykke til å bore ein leitebrønn i blokk 7220 i Barentshavet.


Lundin er operatør for utvinningsløyve 609 i Barentshavet. Vi har gitt selskapet samtykke til å bore leitebrønn 7220/11-4 i eit funn kalla Alta. 

Boringa er planlagd å starte i mai 2017 og vil vare i 65 dagar. Mogleg brønntesting kjem i tillegg.

Brønnen vil ha dei geografiske koordinatane:

  • 72o 02' 27,56" N
  • 20o 33' 08,10" A

Havdjupna på staden er 402 meter.

Brønnan skal borast med Leiv Eiriksson, som er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen BINGO 9000, eigd og operert av Ocean Rig ASA. Ho vart bygd i Kina i 2001 og utrusta i USA.

Leiv Eiriksson fekk samsvarsfråsegn frå Ptil i juli 2008.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77