Gå til hovedinnhold

Lundin får samtykke til leiteboring i Barentshavet

Lundin Norway AS (Lundin) er operatør for utvinningsløyve 708 og har fått samtykke til boring av leitebrønn 7130/4-1 i Barentshavet.


Koordinatene til brønnen vil vera:

  • 71° 31' 58,6" N
  • 30° 10' 07,9" A

Boringa vil starte tidlegast november 2015 og er rekna å vare i 56 dagar, avhengig av funn.

Boringa skal gjennomførast med Transocean Arctic, som er ei halvt nedsenkbar boreinnretning eigd og opererert av Transocean. Ho vart bygd ved Mitsubishi Heavy Industries i Japan i 1987, og betydeleg oppgradert i 2004. Ho fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juli 2004.

Ptil har no gitt Lundin samtykke til leiteboringa.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77