Gå til hovedinnhold

Lundin får samtykke til leiteboring

Lundin Norway AS har fått samtykke til leiteboring i Barentshavet.


Lundin Norway as (Lundin) er operatør for utvinningsløyve 609 i blokk 7220/6 i Barentshavet.

Ptil har gitt Lundin samtykke til å bore brønn 7220/6-2 R i eit prospekt kalla Neiden. Dei geografiske koordinatane er:

  • 72o 34' 13,10" N
  • 20o 58' 19,66" A

Boringa er planlagd starta i september og vil vare i 22 dagar, avhengig av funn.

Brønnen skal borast med den flyttbare innretninga Leiv Eiriksson, som er eigd og operert av Ocean Rig. Innretninga er av typen BINGO 9000, bygd i 2001. Ho har klasse i DNV GL og er registrert på Bahamas.

Ocean Rig fekk samsvarsfråsegn for Leiv Eiriksson frå Ptil i juli 2008.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77