Gå til hovedinnhold

Lundin får samtykke til leiteboring

Lundin Norway AS har fått samtykke til leiteboring i Barentshavet.


Lundin Norway AS (Lundin) er operatør for utvinningsløyve 533, som omfatter blokkene 7219/12 og 7220/10 i Barentshavet.

Ptil har gitt Lundin samtykke til å bore leitebrønn 7219/12-1 i eit prospekt kalla Filicudi. Borestaden ligg 218 kilometer nordvest for Hammerfest. Havdjupna er om lag 320 meter. Dei geografiske koordinatane for brønnen er:

  • 72o 12' 44,20" N
  • 19o 46' 38,30" A

Boringa er planlagd starta i første del av september og vil vare i 59 dager, med tillegg for eventuell brønntest.

Brønnen skal borast med den flyttbare innretninga Leiv Eiriksson, som er eigd og operert av Ocean Rig. Innretninga er av typen BINGO 9000, bygd i 2001. Ho har klasse i DNV GL og er registrert på Bahamas. Ocean Rig fekk samsvarsfråsegn for Leiv Eiriksson frå Ptil i juli 2008.

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12