Gå til hovedinnhold

Lundin får samtykke til leiteboring

Lundin har fått samtykke til boring av leitebrønn 16/1-24.


Lundin Norway AS (Lundin) er operatør for utvinningsløyve PL 338 i blokk 16/1 i den midtre delen av Nordsjøen. Lundin har søkt om samtykke til å bore leitebrønn 16/1-24 i eit prospekt kalla Gemini.

Brønnen vil ha dei geografiske koordinatane:

58o 46' 45,57" N
0206' 35,00" A

Boringa er planlagd starta i januar 2015 og vil vare i 46 dagar dersom det ikkje vert gjort funn. Ved eit eventuelt funn vil det i tillegg verte bora eit sidesteg og brønnen vil verte produksjonstesta. Vassdjupet på staden er 135 meter.

Brønnen skal borast med den flyttbare boreinnretninga Island Innovator. Ho er ei halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning av typen GM4000-WI, bygd i 2012 ved Cosco Zhoushan Shipyard i Kina. Innretninga er operert av Odfjell Drilling. Ho er registrert i Norge har klasse i DNV GL. Island Innovator fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i august 2013.

Ptil har no gitt Lundin samtykke til leiteboringa.

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064