Gå til hovedinnhold

Lundin får samtykke til leiteboring

Lundin har fått samtykke til leiteboring av brønn 16/4-9 S.


Lundin Norway AS (Lundin) er operatør for utvinningsløyve PL 359 i blokkane 16/1 og 16/4 i den midtre delen av Nordsjøen. Området ligg om lag 200 kilometer vest for Stavanger.

Lundin skal bore avgrensingsbrønnen 16/4-9 S i eit prospekt kalla Luno II, for å undersøke potensialet i funnet.

Dei geografiske koordinatane for brønnen vil vere:

  • 58o 42' 22,76" N
  • 02o 09' 55,07" A

Vassdjupet på staden er 125 meter.

Brønnen skal borast med Bredford Dolphin, som er ei flyttbar boreinnretning av typen Aker H-3. Ho vart bygd i 1977, og betydeleg oppgradert i 2006/2007. Innretninga er registrert i Singapore og har klasse i DNV GL.

Bredford Dolphin fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juni 2007.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77