Gå til hovedinnhold

Lundin får samtykke til leiteboring

Lundin har fått samtykke til å bore leitebrønn 26/10-1 i Nordsjøen.


Lundin er operatør i utvinningsløyve PL674, som omfattar blokkene 26/10 og 17/1 i den midtre delen av Nordsjøen, om lag 150 kilometer vest for Stavanger. Leitebrønn 26/10-1 har som formål å undersøke hydrokarbonpotensialet i eit prospekt kalla Zulu.

Dei geografiske koordinatane for brønnen vil vere:

  • 59o 00' 01,86" N
  • 03o 04' 14,69" A

Vassdjupet på staden er 170 meter.

Brønnen skal borast med den flyttbare boreinnretninga Island Innovator. Innretninga er av typen GM4000 og vart levert frå Cosco Zhoushan Shipyard i Kina i 2012. Island Innovator er eigd av Marine Accurate Well ASA og operert av Odfjell Drilling. Ho er registrert i Norge og har klasse i DNV GL.

Island Innovator fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i august 2013.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77