Gå til hovedinnhold

Lundin får samtykke til bruk av Maersk Guardian

Lundin har fått samtykke til å bruke Maersk Guardian til permanent plugging av brønn 7/8-5 S.


Lundin har no fått samtykke til å bruke den flyttbare boreinnretninga Maersk Guardian til å plugge havbotnbrønnen 7/8-5 S permanent. Arbeidet er venta å vare i cirka 18 dagar.

Riggen har følgande geografiske koordinatorar:

• 57° 15' 02,65"N
• 02° 34' 10,91"A

Brønnen skal borast Mærsk Guardian som er ei oppjekkbar flyttbar boreinnretning (jack-up). Innretninga er eigd og vert operert av A.P. Møller-Mærsk Gruppen. Den er bygd i Japan hos Hitachi og stod ferdig i 1986.

Mærsk Guardian  fekk samsvarsfråsegn 1. november 2002.

For pressehenvendelser, send e-post eller ring vårt sentralbord
E-post: presse@ptil.no | 51 87 32 00