Gå til hovedinnhold

Gassco får samtykke til bruk av Polarled

Gassco har fått samtykke til å ta i bruk gassrøyrleidninga Polarled.


Polarled er ei ny gassrøyrleidning frå Aasta Hansteen i Norskehavet til Nyhamna Gassanlegg i Møre og Romsdal. Røyrleidninga skaper ei ny transportløysing for gass frå felt i Norskehavet og ein ny, felles infrastruktur for å handsame auka produksjonvolum. Interessentselskapet Polarled JV er eigar av røyrleidninga, som er 481 kilometer lang og har ein diameter på 36".

Statoil er operatør for utbygginga, medan Gassco tek over operatøransvaret når arbeidet med å tømme røyrleidninga for vatn og fylle ho med gass startar. Dette arbeidet er planlagd å starte 15. mai 2017. Røyrleidninga vil så bli ståande gassfylt til gassleveransen frå Aasta Hansteen startar hausten 2018.

Vi har no gitt Gassco samtykke til å ta i bruk røyrleidninga.

.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77