Gå til hovedinnhold

Forlenga levetid for Ula oljeeksportrøyrleidning

BP har fått samtykke til forlenga levetid for Ula oljeeksportrøyrleidning.


BP Norge AS (BP) er operatør på Ulafeltet som i ligg sør i Nordsjøen, nordnordvest for Ekofiskfeltet.

Olja frå Ula vert ført til Teesside i England via Ekofisk. Eksportrøyrleidninga frå Ula til Ekofisk vart installert i 1984 og sett i drift i 1986, med ein planlagd levetid på 30 år. Røyrleidninga har ei lengd på 74 km.

Ptil har gitt BP samtykke til at røyrleidninga kan opererast fram til utvinningsløyvet løper ut 31.12.2028. 

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77