Gå til hovedinnhold

Forlenga levetid for Tambar-innretninga

BP Norge as har fått samtykke til forlenga bruk av Tambar-innretninga fram til januar 2022.


Tambar er eit oljefelt som ligg søraust for Ulafeltet på 68 meter havdjup i den sørlege delen av Nordsjøen. Feltet er bygt ut med ei fjernstyrt brønnhovudinnretning utan prosesseringsanlegg.

Samtykket er gitt blant anna på bakgrunn av BP Norge as sin dokumentasjon av vurderingar som konkluderer med at innretninga kan drivast vidare sikkerhetsmessig forsvarleg i samsvar med krav i regelverket. 

For pressehenvendelser, send e-post eller ring vårt sentralbord
E-post: presse@ptil.no | 51 87 32 00