Gå til hovedinnhold

Forlenga levetid for Skirne og Byggve

Total E&P Norge AS (Total) har fått samtykke til bruk av Skirne og Byggve ut over opphaveleg planlagd levetid.


Skirne, inkludert Byggve-førekomsten, ligg i den sentrale delen av Nordsjøen, 20 kilometer aust for Heimdal. Vassdjupna på staden er 120 meter. Feltet er bygd ut med to havbotnrammer som er knytt til Heimdal-innretninga. Produksjonen starta i 2004.

Vi har no gitt Total samtykke til å forlenga levetid for Skirne og Byggve fram til mars 2024.

Samtykket er gitt blant anna på bakgrunn av Total sin dokumentasjon av vurderingar som konkluderer med at innretninga kan drivast vidare sikkerhetsmessig forsvarleg i samsvar med krav i regelverket. 

Eit samtykke til bruk ut over opphaveleg planlagd levetid inneber at Ptil meiner at søkjaren har vist at han har oversikt over den tekniske tilstanden og har planar for vedlikehald og oppfølging, slik at innretningar og utstyr kan drivast vidare i samsvar med krava i regelverket. 

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77